Enestående om kystkultur fra Johannes Rørtveits penn

(utdrag fra bokomtale i Lofotposten okt. 2018)

 

Med grundig kjennskap til kystkulturen leverer Johannes Rørtveit (75) fra Kabelvåg i disse dager sin femte og siste bok om Folket på Vinje. I et tidsspenn på 140 år har han hentet frem detaljer fra utkant-Norge som vi aldri har sett maken til.

Øvrige 4 bøker om Folket på Vinje

Bokbestilling direkte til forfatter, fraktfritt, 35% rabatt
(faktura fra firma Svalbardøya AS)

Femte og siste bok i serien om folket på Vinje
Kr 349,-

Andre bøker fra Johannes Rørtveit

Om forfatteren Johannes Rørtveit

Johannes Rørtveit

Forfatteren er født i Øksnes kommune i 1943 og vokste opp i Finnvågan. Faren, Targei Rørtveit, var lærer ved skoleinternatet.  Mora, Oddny, som var fra Skipnes, var datter av Josef Pedersen i Skipneset, som igjen var et av barnebarna til hovedpersonen  i romanen. Johannes blir dermed tippoldebarn  til ”Anna på Vinje”.

Familien forlot Finnvågan i 1958 og flyttet til  Kabelvåg. Etter 20 år som lærer sluttet han  i skolen og startet opp egen bedrift innen lakse-oppdrett, den nye vekstnæringen som var under utvikling langs hele norskekysten. Omtrent samtidig overtok familien ansvaret for fiskeværet  Skipnes og startet bevaringsarbeidet for et av  de mange ”dødsdømte” utkantstedene som  Kyst-Norge har så mange av.

Aktivitetene og interessene har vært mange,  og arbeidet med å ta vare på verdiene som kystkulturen representerer er blitt et stort engasjement.

I 2007 ga han ut boka ”Fiskeværet Skipnes  – Fortid – Nåtid – Framtid”, og i 2008 første del  av ”Folket på Vinje”, som har som hovedformål  å bevisstgjøre oss om kystkulturens iboende styrke og verdi. Dette er femte bind i serien om «Folket på Vinje».  I tillegg kom boka «Menneskeskjebner på yttersida». Boka om Dorius, Kristine og boka om «Anna på Vinje, Fra tippoldemor til kystkvinneikon», samt bind fire om «Han Josef i Skipnes» og denne boka er nå oppgradert med illustrasjoner av kunstneren Jarle Hammer.

I 2013 mottok Johannes Rørtveit Riksantikvarens kulturminnepris for sin store innsats for kystkulturen

Sjekk hva andre sier om boken

Ved Jarle Hammer

 I seks bøker om «Folket på Vinje» tek Johannes Rørtveit slekta si tre generasjonar gjennom ei omveltande tid for Øksnessamfunnet. Bøkene startar attende i restane av føydalsamfunnet, og endar opp i moderne tid og industrialisering i Skipnesvågen.

Formannskapslova av 1837 førte til ei gjennomgripande demokratisering. Vi fekk Øksnes og Langenes kommunar.Skolelova.av1860 tok skoleverket frå omgangs- til internatskolen. Det vart først bygd fire internatskolar i vårt distrikt, i Finnvågan og på Skipnes, på Øksnes og på Stengelvåg. Altså to i Vestbygda, én i Midtbygda og én i Ytterbygda. Dette fortel oss mykje om kvar folket budde, og kvar verdiane vart skapt på den tida. Dertil gjekk dei fleste frå undertrykking og fattigdom som husmenn til å bli sjølveigne i denne perioden. Generelt godt fiske, og særlig dei gode sildeåra i siste halvdel av 1800-talet muleggjorde dette.

I fiskarbondesamfunnet var rollene klart definerte. Mannen var fiskar og kvinna mest bonde. Dertil styrte ho hus, fjøs og ungeflokken. Den som ikkje hadde ei sterk og driftig kone, låg tynt an.

Autoritetane var presten, læraren og væreigaren.

Anna på Vinje representerte den trauste og omsorgsfulle kvinne i fiskarbondekulturen. Ho leid tap på tap, men stod forbløffande oppreist livet ut i trua på seg sjølv og Vårherre.

Dorius var høvedsmann og pådrivar i demokratiseringsprosessen og forandringa i skoleverket. Johannes sin bestemor «Ho Ramstad» var lærar og gjennomførte den pålagde omveltinga i skoleverket. Dertil var ho sterkt samfunnsengasjert og sette varige avtrykk etter seg i foreningslivet. Redningsselskapet og religiøse organisasjonar var hennas hjertebarn. Og sist bestefaren, «Han Josef i Skipnes» står som gründer og entreprenør i bokserien som endar i omfattende industrialisering og moderne tid.

I litteraturen vår om kystkulturen opp gjennom historia, har vi lese om vågale seilasar, dyktige høvedsmenn og dramatiske redningsdådar.

Dette har Johannes Rørtveit gjort noko med. Slik Anna har fått sin bauta for offervilje, omsorg og trufast slit, har kystkvinnene fått sine velfortjente minnesmerke. Den religiøse trua prega livet deira. Pågangsmot var ein dyd som vart løna nådig frå himmelen. Så lenge ein ikkje gav seg over, kunne dei reise seg etter alvorlige tilbakeslag og ulukker og trøyste seg til Vårherre. Anna på Vinje er eit eksempel. Det same er «Josef i Skipnes» som spela høgt i ord og gjerning, men steig til slutt ut av støvlane i trua på at det også var plass til slike som han i Guds varetekt.

Språket i bokserien om «Folket på Vinje» er muntleg og utan store fakter. Det er kunst å skrive enkelt og spare på adjektiv når ein fortel om store menneske og avgjerande handlingar.

Forfattaren tyr heller til «understatements», og let oss lese mellom linjene. Slik får vi vere meddiktarar, kjenne etter og fylle ut for å sanse historia og personane inni oss. Då blir alt nært og personleg.

Vi forstår plutselig kor nært livet han fortel om står oss sjølve, - målt i generasjonar. Det er ikkje lenge sidan vi gjekk halvsvoltne og dårleg kledd som slåttekarar med småljå og var juksafiskarar alle som ein.

Vi kjenner oss igjen. Alt ligg slumrande i genane våre. Det er vår eiga historie vi blir kjent med, vert stolt av og glad i. Historia blir som konfirmasjonsdressen vi har forlagt, forundra tek fram att, og tenkjer at med nokre justeringar kan vi framleis trumfe den på.

Historia skal vi lære av. Vi kan slanke av oss unødig feitt og odle fram dei gode sidane i oss.

Eit folk utan historie er eit fattig folk.

Johannes Rørtveit sitt forfattarskap rører ved ein nerve i oss. Mange har fortalt meg at bøkene hans er det ypperste dei har lese.

Oppatt og oppatt, og dei blir betre for kvar gong.

Det må vel vere attest for ein som skriv.

Skipnes den 17/7 2018

Jarle Hammer

 

Your Ebook will be available for instant download after payment